Årsmøte i Silda Velforening

Dei som ikkje var på årsmøtet i påska kan no lese referat, årsmelding og rekneskap under fana «Silda Velforening/Årsmøte»

Den viktigaste saka på årsmøtet var nødvending vedlikehald av heile  vegen på Silda, ikkje berre den delen som SFE må reparere etter kabelgravinga.

Årsmøtet 2015 løyvde 50.000 kr som «gulrot og markering av behov».
Årsmøtet 2016 løyvde i års 5.000 kr.
Silda grendahus kr 15.000,
Silda gjestbrygge 15.000 og
ØyglimtAS 15.000 kr.

Totalt vert det frå Silda løyvd 100.000 kr som tilskot til asfalt, frå sør til nord.
Dette er tilskot som vert overført til kommunalt fond når vedtak om asfaltering er på plass.