Takk til Vågsøy kommune og mange andre

Styret i Silda velforening har hatt møte (sjå reff) og bestemt at det må sendast ei takk til kommunen og andre for vel utført arbeid med asfalteringa. Takkebrev vart sendt til kommunen og til Fjt.

*******************************************

Til Vågsøy kommunen
v/ordførar og teknisk etat
6700 Måløy                                                               Silda 12. juli 2016

Jubeldag Silda
På ein dag, midt i juni, med 20 mann og mange maskiner vart vegane på Silda reparert og asfaltert, etter to år med graving og 40 år med slitasje. Den
kommunale vegen frå sør til nord vart asfaltert.
SFE måtte reparere og reasfalterte
mykje av vegen etter nedgraving av høgspentkabel til Nord-Silda. Den store hyttebygginga har førte til problem med nok straum til Nord-Silda og nye kunne ikkje bygge før stabil straumforsyning kom på plass.

Silda velforening har i to årsmøte vedteke at nytt vegdekke var toppsak for foreininga. Velforeninga har, saman med andre private interessentar, samt Silda grendahus, Silda gjestebrygge og Øyglimt A/S skote inn anleggsbidrag til Vågsøy kommune, for å få til ei skikkeleg renovering av vegane. Når SFE likevel fekk Veidekke sine maskiner på land meinte vi det var ein flott sjanse. Også fleire private nytta sjansen til bestille asfaltering av sine vegar.
Samla fekk Silda på denne måten, i samarbeid mellom private og offentlege, gjennomført ei stor opprusting
av vegane. Silda velforening meiner at dette spleiselaget vil spare Vågsøy kommune for vegvedlikehald dei neste 50 åra. Ny optimisme og byggeaktivitet, på Silda, vil gi kommunen auka skatteinntekter i framtida.
Eit av vilkår for å få til dette storarbeidet, på ein dag, var velvilje frå Barmøyferga. Dei leverte transport- og leggemaskinene på morgonen og tok desse med tilbake til fastlandet på kvelden.
Silda velforening vil takke SFE, Veidekke og
Vågsøy kommune med teknisk etat, samt Barmøyferga for stor innsats og eit flott resultat.

For Silda Velforeninga (styret)
Kari Silden Sølvberg
leiar (sign)