Etablering av oppdrettsverksemd ved Silda.

Referat frå infomøte på Silda Grendahus 27.07.17

med Blom fiskeoppdrett og Coast Seafood.

Coast Seafood var representert v/ Sverre Søraa, Blom fiskeoppdrett v/ Øyvind Blom.

Innkalling til møtet var utsendt av Silda Velforening, ved formann Tore Johansen

Møteleiar: Jarl Magne Silden         Referent: Knut Magnussen

Rundt 50 frammøtte.                                             Meir


Innleiingsvis var det ein presentasjon av oppdrettsaktørane, Blom og Coast Seafodsom som vil etablere eit anlegg med 6 merder og fôrflåte.

DISPENSASJONSSØKNAD TIL VÅGSØY KOMMUNE
Fortøyning av anlegget vil skje med anker og fjellboltar. Slik saka står no, er det fortøyingane det er søkt om dispensasjon for, fordi desse vil gå ut over det arealet som Vågsøy kommune har sett av til akvakulturtiltak. I alt vil det ligge 12 synlege bøyer rundt anlegget. Når anlegget er etablert vil det vere ferdselsforbod nærare enn 20 meter, og forbod mot fiske nærare enn 100 meter. Men Øyvind Blom forsikra, på vegner av etablerar, at ferdsel langs strandlinja ikkje ville vere eit problem.

ANLEGGET
Anlegget skal drivast med landstraum, og etablerar har bragt på det reine at sjøkabelen til Silda har tilstrekkeleg kapasitet både til anlegget og anna utbygging (hytter) på øya. Transformatorar på fastlandet og Silda må skiftast, og det vil skje for utbyggars rekning. Anlegget vil også ha behov for å leige kai/lagerplass til maskin- og reservedelar. På sikt vil ein vurdere å bruke anlegget som visningssenter for akvakultur, noko utbyggar meiner kan gje lokale ringverknadar, og utbyggar drog også fram at anlegget kan vere med å sikre båtruter og straumforsyning til øya.

LUKT, STØY OG UTSLEPP
Frå salen kom det ei rekke spørsmål, mellom anna om luktplager, som utbyggar meiner vil vere minimale, spesielt fordi merder og tauverk som skal til reinsing blir slept direkte til servicestasjon, og ikkje blir tatt på land på Silda.
Støyplager vil vere redusert fordi ein nyttar landstraum, og kompressorar om bord i fôrflåten vil stå innomhus. Støy vil komme frå pellets i røyra og foret som blir sprøytt ut i merdane via slange, men utbyggar prøvde å tone ned ulempene som følge av dette.
Det var også kritiske kommentarar frå salen til utslepp av fiskefor og effekten på villfisk i området. Frå utbyggar si side vart det hevda at straumtilhøva i ormrådet var så gode, at anlgget ville vere nærast sjøvreinsande. Blom fiskeopppdrett brukar heller ikkje kjemikalier i avlusing, men lunkent vatn. Utbyggar brukte mykje tid på å forsikre om at dei tok alle omsyn til miljøet, og at anlegget på Silda skulle byggast ut med den beste teknologien ein rår over.

KARTKLUSS
Vågsøy kommunen var ikke representert på møtet, men frå salen kom det ei rekke kritiske spørsmål til kommunen si handsaming av saka: For det første vart det hevda frå Fiskarlaget si side at kommunen sitt kartverk ikkje er oppdatert og samkøyrt med Fiskeridirektoratet, og at ein derfor frå kommunen si side ikkje har rett til å gje dispensasjon på det grunnlaget som ligg føre. Det er heller ikkje tatt omsyn til eit korallrev som ligg i området, på 150 meters djupne, og som ikkje skal vere registrert. Fiskarlaget sa også at låssettings- og fiskeplassar i området ikkje var merkte, og det vart også slått fast at anlegget ligg i blank sektor der det skal vere klar seglingsled.

KOMMENTAR FRÅ UTBYGGARANE
Sverre Søraa ,frå Coast Seafood ,sa at han var blitt merksam på at det er ein brukt, men umerkt fiskeplass i området, men viste til at området i komuneplanen er sett av til akvakultur, og at det var dette som i si gjorde dei merksame på og interesserte i lokaliteten. Men Søraa merka seg kommentarane frå salen: – Dette må vi sjekke ut.
– Skal vi investere 30 – 40 millionar i anlegget, må vi ha orden på formalitetane.

DIALOG MED BYGDEFOLKET
Det vart også anført frå salen at ein var lite tilfreds med måten utbyggar og kommunen hadde gått fram, og at dette hadde skapt stort engasjement rundt saka.
Sjølv om fleire i møtelyden sa seg nøgde med informasjonen Coast Seafod og Blom fiskeoppdrett ga på møtet, var det mange som gav uttrykk for at dei følte at bygdefolket verken hadde fått uttale seg eller blitt informert under vegs, noko utbyggar på møtet sa seg leie. Dei lova for framtida å halde opne kanalar inn til bygdelaget.

Så langt er saka ein søknad om dispensasjon frå kommuneplanene, for å få plass til å fortøye eit anlegg i denne storleiken.

Når søknaden om anlegget kjem vil det bli høyringsrunder og høve for alle til å uttale seg, vart det forsikra om.

Knut Magnussen, ref.