Oppdrett ved Silda – endra skepsis???

Fleirtalet i Silda Vellforening sitt styre har ikkje endra meining.

Etter oppslag i «Fjordenes tidende» har mange stilt spørsmål -til medlemmer i styret – om vi har endra meining. Dette har ikkje vore drøfta i styret og leiaren har uttala seg som privatperson, medan avisa siterer han som leiar i Silda velforening.

Unni Hennøen og Jarl Magne Silden har forfatta tilsvar til Fjt. ,som Paul Sundnes slutter seg til.

Der er no viktig at dei ulike meiningane kjem fram. Særleg etter den sjokkerande reportasjen i NRK-TV, om problem med eit oppdrettsanlegg Aukra (sjå link på Facebook). Her kom alle argumenta i  Silda Velforening fram på nytt. Dersom Oppdrettskonsesjonen vert flytta til Silda må alle respektere vedtaket, og ikkje gå så hardt ut at det vert «krig» i bygda. I mellomtida må ein vere sikker på at grunnlaget for vedtaka er korrekte. Innlegg til Fjt