Protest om kutting av båtruter i helg og høgtid

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2,
6863 Leikanger

Silda Velforening avvikla laurdag 31. mars sitt årsmøte på Silda grendahus

Der vart Sogn og Fjordane Fylkeskommune sine overraskande ruteendingar, for båtruter til dei mindre øysamfunna i fylket, ei stor sak.

Årsmøte vedtok samrøystes at det skulle sendast ein resolusjon til S&fj fylkeskommune.

Resolusjon, samrøystes vedteken på Årsmøtet 31 mars 2018

Silda Velforening protesterer på det skarpaste på Sogn og Fjordane fylke sitt overaskande vedtak, om å fjerne alle båtruter på helg- og off.fridagar.

Silda Velforening forstår ikkje kva som er grunne til denne endringa, og bed om omgåande å få ei forklaring.

Kvifor skjedde dette utan at innbyggarane vart høyrde eller orientert?

Er dette ei første tilpassing til den framtidige Vestland fylkeskommune??

Er meininga at dei små øysamfunna i Sogn og Fjordane skal avfolkast??Skal all innsats som har vore lagt ned i utvikling av feire- og fritidsaktivitet på øyane i fylket leggast brakk?

På Silda har ny drivar i år teke opp att drifta av turistatraksjonen Skjærbuda, ei satsing som kan vere heilt bortkasta dersom ingen kjem seg til/frå Silda på helge- og fridagar.

Etter denne overraskande endringa i ruteplanen, har Silda velforening blitt tvinga til å kjøpe ei ekstra «søndagsrute» med Øyglimt, på 2. påske-dag, for at dei ferierande kan få nyte heile påska på vår vakre påskeøy.

Med trist helsing Silda Velforening
Tore Johansen  formann sig.

Signet dokument