Utplanting av blomster på Silda

Med arbeidsruta fredag 8. juni, kjem det eit lass med planter, til kasser og oppheng på Silda. Eg tek også med ein del plantejord frå Måløy.

Eg køyrer ut plantene og set ved alle plantekassene: NordSilda i svingen, Ved brønnen, Navlen, ved kaikontainerer, i svingen ved butikken, ved Myra. I tillegg stolpeoppheng på Myra, ved Ninny og i bakken til NordSilda.

Det ser ut som eg har fått meir enn nok planter, men treng dugnadshjelp til å plante. Når plantene er sett av er dt fritt fram for alle og utføre plantinga, som avtalt på årsmøtet. Det er også viktig at nokon tenkjer på vatning om denne turken hald fra.