FISKE, (1956)

Utdrag frå Edvard Os `bygdebok : SELJE OG VÅGSØY,
Henrik G. Solvåg fortel om fiskeværet Silda:

     Før motorane kom var det på Silda 3 rorbuer med 2 losjirom til 2 båtlag i kvart rom og 2 rorbuer med rom til 1 båtlag i kvar. Båtlag elles leigde seg inn hjå bygdefolket. Sørhamna vart nytta til båtane.
Det var svært grunt der, då som no. Nordhamna var ikkje noko serleg utbygd i den tida. Sørausten stod beint på, så det kunne vera vanskeleg å koma ut når vinden kom frå den kanten. Då var det å varpa og ro seg opp i høgd, til det var råd å reisa segl. Det var berre båtlag frå Selje som dreiv frå fiskeværet Silda. Opp til 10 båtlag kunne det vera her. Av desse hadde 6 – 8 lag tilhald i dei 5 rorbuene. Hine hadde salterom i naust og småbuer som dei leigde hjå bygdefolk.
Lækjaren laut vi henta sjølve frå Måløy når det trongst . Han hadde alle fiskeværa i Selje og på Vågsøy i tillegg til tenesta elles. Noko slikt som sjukestove eller anna offentleg forsorg for fiskarane der veit eg ikkje om.
Arbeidsdagen var ofte både lang og strid så lenge fisket stod på. Vi laut opp kl. 4-5 om
morgonen og var ikkje ferdige å gå til ro før i 11-12-tida om kvelden. Det var ikkje noko skift. Alle laut hanga i heile tida. Når vi kom frå sjøen, var det å laga mat og få seg noko til livs. Og så beint til arbeids med sløying, salting, egning og vøling på børnskap og beine så alt var klart til utror neste dag.
I hardaste fiskesjauen fekk heller ikkje kvinnfolka spara seg, berre dei kunne sleppa heimanfrå. Då laut dei koma til hjelp med ganing og salting i fiskeværet i tillegg til det vanlege husarbeidet heime. Det var koner og gjenter som rodde heilt frå Barmen og hit, arbeidde her om dagen og rodde heim att til stellet i stove og fjøs om kvelden.
Farande kramkarar, klokkebytarar eller skreppehandlarar såg eg ikkje noko til, og har heller ikkje høyrt gjete at dei kom til Silda i fisketida. Det var no heller ikkje lagleg for dei å fara til og frå her.
I eldre tid var det handelsmann og fiskekjøpar med saltebu på Silda, men ikkje i mi tid. Då salta vi kvar for oss og selde ferdig vare, kleppfisk og saltsild. Det kunne vera at det kom ein og annan og baud på den ferdige fisken, men handel elles var det ikkje der ute.
Når eg no ser meg attende og minnest skiftande tider og kår, då lyt eg undrast over det store omskiftet på ein så vidt lang arbeidsdag på sjøen : Frå det tunge slitet på ro og seglbåtane , då mannemakta var alt, til tida no med dekksbåtar for trygge, gode motorar, gode rom for mannskapet, ekkolodd, radiotelefoni, hydraulisk vinsj og spel til å hala inn liner, not og garnlekkjer. – Ja, korleis kunne eg drøyma om slikt då eg femten år gamal gjekk om bord og skulle vera med på fyrste vinterfisket mitt!
Det fylgjer inga kvide med det som eg nett no emnar på: Å vera med på vinterfisket 1956.