Landhandel og gjesteheim

NYE HANDELSPLASSAR

Silda er venteleg eit av dei eldste fiskeværa i Selje, hamn for skip som laut bia på lagleg bør til å runda Stad på nordveg, og losstasjon for Stad-losane. Her kjem øya med i det som er fortalt i utgreiingane om samferdsle, hamnestell og losstell.

Nemnande handelsstad har det aldri vore. Noko var der no likevel av og til etter opplysningar i formannskaps-møteboka for Selje.

I 1865 opna Rasmus Johannesson landhandel og gjesteheim med øl- og vinrett her. Korleis han dreiv det, er ikkje opplyst. Han er nemnd sist i 1869 med 10 spdl. årsavgift for ølsal.

Bakar Nils Olsen er nemnd her frå 1868 og utetter. Til ny søknad om handelsrett i 1874 er gjort denne merknaden: ”Skatter uerholdelig». –

Til seljar hadde han Brø-Arne frå Stryn. Det vert fortalt at når han førde brød til Måløy, så selde han frå båt etter som han rodde fram med land. Ut for gardar og grender i ruta ropa han så det ljoma inn mot land og lyste ut varene sine: ”No e’ her gode brø og siropskake! Eg skal te’ nå Jakob Utigard (Våge) med siropsbrø!”

I 1876 har Johs. T. Engum teke over verksemda her.

I 1871 dreiv Arne 0. Visnes vanleg landhandel med rett til å selja øl og vin på Flores salteri. Retten vart nya opp att i 1874, sia er han ikkje nemnd.

Peder Totland dreiv og saltebu her ei tid, men hadde slutta med det i 1874. Då skriv han i ei klage på skatten, at han ikkje dreiv ”salteri” – d.e.sild-og fiskekjøp for sal – berre ”Iosjihus”.