GAMLE TRUER

GAMLE TRUER OG FISKEVARSEL PÅ STADTLANDET :

OM KVINNFOLK OG FISKE (U) LUKKE :

Kvinnfolk må ikkje koma nær sjøbeinen.

Du skal ikkje sopa golvet så lenge du har vegn i sjøen.

Kvinnfolka må ikkje gå forklelause til sjøs og ta imot fiskarane som kjem heim.

Å hiva sopelimen etter ein som fer til sjøs, tek lukka frå han.

Å sauma eller bota på kleda til mannen med det same han fer til sjøs, tek fiskelukka frå han.

RÅD MOT SJØVERK OG SLEVING :

Når du ror til kyrkje med dåpsbarnet så stikk ei år i sjøen og drøyp nokre dropar på lippene åt barnet, så vert det fri sjøverken.

Å stryka ei rå sild eller ein hanelort over lippene er og ei god råd.

Eit slag med ein levande fisk over munnen på eit barn er god råd mot sleving.

GAMLE TRUER OG FISKEVARSEL PÅ STADTLANDET :

Med å ro over voren i båtstøa di kan ein ta fiskelukka frå deg. Men skundar du deg og hiv tre steinar etter roaren , får du fiskelukka att.

Å skjenkja ein dram i sjøen aukar fiskevona.

Dreg du brosme i torskegarnet, då er einkvan feig om bord.

Vender fyrste fisken hovudet bort frå båten, ser han etter fleire.

Å setja kveitebein i ljoren aukar vona til å få fleire. Sameleis å blåsa opp kveitemagen og spikra på veggen til eit bisn.

Å få ei rognkjekse på utror spår godt fiske, helst om det er kveita du er etter.

Når du tek inn kveita, skal du snu kvitsida opp, elles får du ikkje fleire. Å sprengja gallet og smørja dråtten med det og smaka på blodet er bra til å få meir fengd.

Du må ikkje nemna ordet gris på sjøen, men seia gasun i staden. lkkje prest, men seia svartkjolen. lkkje geit heller.

Vil brugda ta deg, så ro mot sola, hiv eitkvart mot ho , set ein kniv i kjølen, ro i krokar.

Hiv eitkvart etter havfrua, seier dei, så støkk ho.

Eit lag frå Sjåstad på Leikanger var på linefiske her ein sumaren. Dei kom ut for havfrua den gongen. Det var Paul, Magnus og Øystein. Dei har fortalt meg dette:

Dei sat og rodde alle tre og var komne eit godt stykke frå land. Då stakk eit svart hovud opp or sjøen bak båten. Det var på skap som eit menneskehovud med stridt svart hår som la seg nedetter kjakane, mest som etter kjemming. Det stokk i karane, men ein av dei hugsa på å ropa: Hiv eitkvart etter henne! Paul heiv då hals­kluten sin til ubeistet, og då dukka ho under og kvarv.

Utdrag frå Edvard Os `bygdebok : SELJE OG VÅGSØY, 1957