Silda rundt

Stien er på ca 1,5 km,  middels lett for turvande folk. Noko våt og glatt på enkelt stadar. (I våte år vert det tilrådd å bruke gode/tette skor.)

Turen gir utsikt mot Stad og det opne havet. Her kan ein få  mange fine fotomotiv mot solnedgangen.
Stien har fleire utkikspunkt med kvileplass/benk:
«Ospeneshaugen» ,  «Varden» (øya sitt høgst punkt), «Marteræva» og  «Furevika»
På vestsida er der også mange  stadar eigna for stangfiske.

På «Marteræva» er det utlagt gjestebok. Ny bok vart lagt ut i 2012 og gjekk fram til juli 2015. Silda Velforening har summert aktiviteten for desse 3 åra:

*********************************************
2012 ca. 620 notert med namn– 506 i juni-juli og august.
Av utanlandske båtar finn vi namn på: tyske, svenske , canadisk, belgisk, UK, fransk og frå Calif. USA

2013 ca 650 notert med namn — 360 i sommarmånadane.
Av utanlandske båtar : 4 nederlandske, 3 svenske, 2 tyske, 2 franske, 2 britiske og ein dansk

2014 ca 630 notert med namn — 450 i sommarmånadane.
Av utanlandske båtar : 3 nederlandske, ein engelsk, belgisk, dansk.