Oppstartmøte

Laurdag 5. april 2015 var det eit orienteringsmøte på Silda Grendahus.  Helge Silden orienterte om Næringsmiddeltilsynet sine truslar om  det ikkje vart levert godkjent vatn på øya.
Fleirtalet av dei frammøtte bad Helge Silden å ta kontakt me Næringsmiddeltilsynet og avklare konflikta.

*****************************************************

Laurdag 18. juli vart det kalla inn til orienteringsmøte på Silda Grendahus.
Helge Silden orienterte dei frammøtte om kva han hadde funne ut under møte med Nordfjord Næringsmiddelkontroll.
Helge sin konklusjon var at reinsing må til.  Alle som er fleire på ei vasskjelde vil bli underlagt kontroll. I denne omgang er det vasskjelder som har meir enn 20 abonnentar som vert prioriterte, seinare vert dette utvida, fekk Helge opplyst.
Helge hadde innhenta pristilbod for eit enkelt filter og UV-reinseanlegg, og fått ein pris på 250.000 kr + kostnad med bygging av hus for anlegget og kopling av rør.

Konklusjon:   Løysinga for  Silda kan gjerast på tre måtar.

1. Knyte seg til Vågsøy vassverk – med sjøleiding og høgdebasseng på Silda. Kostnad estimat: 4-5 mill +   årsavgift til Vågsøy vassverk 6 -8.000 pr år

2. Kvar husstand får bore og ordne si vassforsyning, fells forsyning frå Silda vassverk vert steng. Kostnad som for boringar – utført før: 60. 100.000 kr pr anlegg + vedlikehald

3. Starte arbeid med å etablere renseanlegg for noverande vasskjelde. Kostnad estimat: ca 500.000 + årsavgift til dekning av drift og betalt tilsyn.

Møtelyden var samde om at alternativ 3 var den mest tenkjelege løysinga.
Nokre følte at arbeidet måtte starte omgåande, men dette fekk ikkje samla tilslutning.

Framlegg om eit interimsstyre vart samrøystes vedteke.  Helge Silden, Alfred Silden og Merete Silden Vararepresentant: Herman Silden.

Interimsstyret orienterer abonnentane i silda vassverk  via e-post:
om framdrifta for  etablering av  reinseanlegg med  kostnader,  og avvikling av generalforsamling for å velje nytt styre for Silda Vassverk samt å gjere endeleg vedtak for utbygging.

Dei som ikkje registrerte si e-postadresse (på møtet 18. juli) må sende melding til Helge Silden: helge@seacon.no

******************************************************

reff: Paul S