1700-talet

Silda var,  fram til  reformasjonen,  kyrkjegods under Selje kloster. At det var kyrkje/kapell på Silda er godt dokumentert, men kvar denne kyrkja stod er  derimot litt usikkert.  Lokalt er det «Skalleneset», ved innlaupet til Sørehamna,  som vart kalla «Kyrkjeneset», men Museet i Bergen kome til at  «Alfarneset», nærare Nordhamna, var kyrkjeplassen.

SELLØE CAPELL  finn ein omtala i kyrkjebøker.  Kyrkja var truleg eit tømmerhus på ca 6 x 8 m og  stod på Silda  frå 1320 – 1580.   Då vart kapellet flytta til «Kapellneset» på Raudeberg. Sjå eigen artikkel.

I 1530 var biskop Olav Engelbrektson på visitas på Silda. Han såg då at kyrkja dårleg stand og skreiv dette i visitasrapporten.

Kyrkjestaden på «Alfarneset» vart  rydda av skuleborna og det vart laga ei markering, som vart avduka i 1980 (sjå eigen artikkel)