1800-talet

Når vi kjem til 1800-talet er det meir skriftleg dokumentasjon. Silda var eit viktig fiskevær og eit stort tal fiskarar budde på rorbuer og sjøbudloft.
Silda var aldri eit permanent handelsenter, til det var vel avstanden til Vågsvåg eller Selje for liten. Mange har likevel dreive foretning på øya:  I 1865 opna Rasmus Johannesson landhandel og gjesteheim med øl- og vinrett (sjå «Landhandel og gjesteheim). Handel med fisk, hummer og guano var  viktig på 1800-talet. Frå Silda til England var det  ofte direkte segling, fortalde dei gamle på 1960-talet.
Om nokon kan dokumentere dette ville Silda com vere glad for å få tips.

Frå 1700-talet var mange på Silda losar for skip som skulle rundt Stad eller sør gjennom leia mot Bergen. Den mest omtalte var los Velom frå 1829-1862  (sjå eigen artikkel)