Årsmøte-

Her finn du Referat, Årsmeding og Rekneskap for
Årsmøta i Silda Velforening

********************************************************

Referat frå avhaldne årsmøte

Årsmøte 2023-ref   Årsmelding for 2022   Rekneskap for 2022

Årsmøta for 2020 og 2021 vart ikkje avhaldne -grunna Pedemirestriksjonar

Årsmøte 2019-ref    Årsmelding for 2018  Rekneskap for 2018

Årsmøte 2018 -ref   Årsmelding for 2017  Rekneskap for 2017

Årsmøte 2017-ref       Årsmelding for 2016  Rekneskap for 2016

Årsmøte 2016-ref.       Årsmelding for 2015     Årsrekneskap 2015    Budsjett for -2016

Årsmøte 2015 – ref.      Årsmelding for 2014      Årrekneskap 2014         

Årsmøte 2014 – ref.      Årsmelding for 2013      Årsoppgjør 2013.        Budsjett for 2014

Årsmøte 2013- ref-      Årsmelding for 2012       Rekneskap for  2012

Årsmøte 2012 -ref         Årsmelding for 2011        Rekneskap for  2011

Årsmøte 2011 -ref          Årsmelding for 2010        Rekneskap for  2010

Årsmøte 2010 – ref         Årsmelding for 2009        Rekneskap for  2009

Årsmøte 2009 – ref         Årsmelding for 2008        Rekneskap for  2008

Årsmøte 2008 – ref         Årsmelding – 2007

Årsmøte 2007 – ref          Årsmelding – 2006

********************************************************
Referat:    Årsmøte Silda Velforening 2019

på Silda grendahus laurdag 20.april 2019

Tilstade: 21 personar, av desse hadde 15 stemmerett. (Kvart medlemskap har ei stemme).

Velkommen v/leiar Tore Johansen.

Val av møteleiar og referent.
Leiar Tore Johansen vart vald til møteleiar.
Underteikna vart vald til referent.

Styret si årsmelding.
Gjennomgang av årsmeldinga v/leiar. (Sjå årsmelding for driftsåret 2018).

Saker :
1-  Dugnad

Utplanting av sommarblomster.
Styret får fullmakt til innkjøp av planter og verbestandige plantekasser, om det vert vurdert som nødvendig. Planter kan kjøpast lokalt.
Om styret ønskjer planter frå Kvalsund Gartneri tek styret kontakt med Paul Sundnes

Det blir annonsert på Silda Velforening si nettside når planter er på plass og det er klart til utplanting. Årsmøtet oppfordrar alle som er på Silda i det aktuelle tidsrommet og gjere ein dugnadsinnsats med utplanting.
For å halde liv i plantane trengs det tilsyn og vatning. Her må alle vere med å hjelpe til så det blir til glede for alle gjennom heile sommaren.

Dersom det er nokon som kan tenke seg å ta jobben med å stelle/sjå etter plantane mot litt betaling, ta kontakt med styret!

Skilting til stien over Jonshaugen
Skilt er lagra i konteineren, klar for oppsetting, med stolpar og skruar.

Dugnad generelt.
Det har vist seg at det har vore lite folk på planlagde dugnadar i regi av Velforeninga. Etter forslag på årsmøtet vart det oppfordra til å ta initiativ til å arrangere mindre dugnadar om sommaren når det er mykje folk på øya, og annonsere desse på Facebook /Sildasida.

2-  Informasjonstavle på Silda
Det skal lagast informasjonstavle med inntegna stinett på Silda. For å få sluttilskot frå Gjensidigefondet må stiane vere ferdige med informasjonstavle.
Årsmøtet vedtok å gje styret fullmakt til å laste ned eit, kommunalt, digitalt kart og tegne inn stiane og spørje Per Jørgen Silden om å laminere karta.

3- Renovasjon på Silda.
NoMil bygde i 2017 søppelrom på kaia. Silda Velforening etterlyste i september 2018  kjelde-sortering, glasiglo til flasker og metall.
NoMil opplyser at dei har fjerna alle slike i heile distriktet og levert ut innsamlingsboksar til kvar enkelt husstand:
NoMil ber Silda Velforening om å informere sine medlemar om at det er misbruk av dunkane til bygningsrestar, elektrisk utstyr og anna.
N.B! Dette skal leverast på gjenvinningstasjonar på land.

Viktig å forhalde seg til reglar for renovasjon frå NoMil eller så kan renovasjons-ordninga opphøyre.

Svar frå NoMil motteke 25.09.18. Dei skriv mellom anna:
”NoMil, har auka kapasiteten til 4 restavfallsdunkar, som skal tømast 4 gongar pr. mnd, som utgjer 350 l. pr. abonnement.- Glasigloane er fjerna og husstandane har fått sine eigne innsamlinsboksar for glas. – Vi ber om at Silda Velforening oppmodar om at bygningsavfall ikkje skal leverast i restavfallet.
På NoMil sine heimesider står reglement  for fritidshus / hytterenovasjon

I Vågsøy kommune er det frivillig renovasjonsordning for fritidshus. Abonnement for fritidshus inneber at ein har rett til å ha avfall frå fritidshuset i spesielle hyttekonteinerar. Gebyret er 35 % av standard gebyr, sjå gebyrforskrifta!
Hyttekonteinerane kan berre nyttast av dei som har fritidsabbonement hos NoMil.
I hyttekonteinerane kan ein levere plastemballasje, flasker, glass, papp/papir, våtorganisk avfall og restavfall.
Sekkar og større gjenstander må ein levere på gjenbruksstasjonen
i Vedvika. Større mengder avfall, metall, hageavfall, farleg avfall, e-avfall, avfall frå bygg m.m. må ein også levere på gjenbruksstasjonen.

4-  Grillsamling.
Grillkol og premiar vart kjøpt inn i 2016, men vart ikkje brukt, korkje i 2017 eller 2018.
Årsmøtet vedtok at grillarrangement i regi av Silda Velforening opphøyrer.

Silda Velforening disponerer grillar, grillkol og premiar som kan brukast dersom nokon vil ta initiativ til arrangement. Det kan då t.d. annonserast via Facebook.

5-  Søndagsruter
Øyglimt køyrer ruter etter avtale med Fjord 1. Alle variable høgtids og helgedagar har ikkje rute etter rutetabellen. Øyglimt har køyrt morgonruta på signal og brukt innsparte turar på helgedagar i staden.
Årsmøtet godtek denne ordninga, men ber om at det vert lagt inn i det digitale rutehefte. N.B! Viktig at det er rett info i rutehefte.

6-  Beiteforsøk på Silda
November 2018 fekk styreleiar ein søknad frå oppsittarar og interessenter om tilskot til eit beite-forsøk med boergeiter på Silda.

Styret (utan Unni Silden Hennøen som var innhabil) gjekk for forsøket.
Boergeitene var på beite i Nord Silda frå november 2018 til april 2019.
Ole Sætren orienterte om at ordninga med geiter og klavar ikkje fungerte tilfredstillande.

Difor skal det hausten 2019 setjast ut 5 sauer på beite i Nord Silda. Det er gitt 100% finansiering til utstyr til gjerde, men det må arrangerast dugnad for å setje opp gjerde. Det skal og setjast opp skilt med: ”Sauer på beite”.
Viktig at alle blir informerte om å ikkje uroe sauene.

 

7- Drift av Silda Velforening
Det har vore vanskeleg å få folk til å stille til styret. Årsmøtet vedtok at styret kan delegere oppgåver/arbeid til andre medlemar.
Årsmøtet gjorde vedtak om at Silda Velforening må fortsetje. Det er viktig for Silda å ha ein formell organisasjon som kan kommunisere med offentlege etatar, svare på høyringar, søke midlar / tilskot , jobbe for framtidig bårute, osv.

8-  Val
Val av styre i 2019 for 2 år
Unni Silden Hennøen( tek attval)
Tore Johansen (tek attval
Chantal Silden Langlo (ny)

Ikkje på val i 2019:
Gerda Silden Totland
Leif Magne Wik

Varamedlemer for 1 år
Jarl Magne Silden (tek attval)
Kari Sølvberg Silden

Val av revisor:
Sindre Langlo
Kjell Rune Gangsøy

Styret konstituerer seg sjølv.
Årsmøtet gjorde vedtak om at styret skal fungere som valnemnd.

9- Vedtektsendring
Forslag om vedtektsendring skal opp på årsmøte i 2020.

10 –Regnskap for 2018
Gjennomgang av regnskap for 2018. Årsmøtet godkjende regnskapet som var framlagt. (Sjå årsrekneskap for 2018)

11-  Fatsetjing av årsavgift.
Årsmøtet fastsette kr.300,- i årsavgift i 2019.

12-  Andre saker.
Det er kjøpt inn river og kostar som skal merkast Silda Velforening. Desse skal hengast opp forskjellige plassar. Oppfordring til alle om å bruke desse til å koste vegen for skit og rusk.

Oppdatering av epost til medlemane i Silda Velforening
Paul Sundnes sluttfører og oppdaterer epostlista til medlemane og legg den inn på Silda Velforening sida. 

Sissel Brunsvik
– referent –

NB. NB 
Å legge e-post adresser inn i ei open heimeside er brot på personvern-reglane. Derfor vert lista overlevert til sekretær og kasserar.  
(meiner  Paul Sundnes)