Verdskrigen på Silda

Folk på  Silda,  med postopnar Mons Silden i spissen, kom tidleg med i smugling av våpen til heimestyrkane. I Vågsøy var det største våpenlageret plassert på Silda. Ein god del våpen vart tekne på land på Monsabuda (nord for hovudkaia). Seinare vart våpena frakta til «Tyskarhola» i Furevika.

Dette var våpen som vart smugla vidare innover fjorden og delvis over til heimestyrkar på Austlandet. Ruta vart avslørt i 1942 etter opprulling frå Tælavåg i Hordaland.

Mons M Silden (son til postopnaren) vart arrestert, saman med Ragnar Solheim og kjøpmann Sverre Skibenes i Måløy,  og send til konsentrasjonleir i Tyskland.

Mons Silden (far til Mons M) kom frå Bergen då tyskarane slo til mot Silda, og kom unna. Iver Sætren og Isak Vik klarde å stikke seg vekk og forlate Silda. Krigen på Silda vart spesiell for desse tre.  Utan å vite om kvarandre var Mons og Ivar på Silda fram til freden kom i 1945, og gøymde seg når tyskarane som hadde sine misstankar og kom på raid ofte kvar veke.

Avisartikkel frå Sunnmørsposteni 1970 då ein journalist var på øya og intervjua Iver Sætren og Mons Silden

Mons silden.Sunnmørsposten laga i 1971  eit intervju med Mons og Hjørdis Silden, for å finne ut korleis dei heime opplevde krigen, og kva minne Mons M hadde etter åra i fangenskap.