1900-1950

Vi har prøvd å samle artiklar og informasjon om  Silda. På denne sida er det historiske artiklar frå første halvdelen at 1900.
Alle artiklar er i PDF og kan opnast ved å trykke på understreka tekst.

Silda har i  lange tider vore eit godt utgangspunkt for fiske, særleg var dette viktig den tida då folk måtte ro til fiskefelta ved Stad. Då var Sørehamna ein viktig plass for rorbuer og sjøhus til fisketilverking- salting. Nord-hamna  var lite eigna for småbåtar før den vart utbygd på rundt 1900.
Dei to siste sjøhusa på Sørehamna, som kan daterast tilbake til 1800-talet, er «Skjærbuda» som i dag er restaurant og «Knausabuda» som ligg der landgangen frå Holmen kjem på land på Silda.
Rundt heile Sørehamna kan i dag sjå solide steinmurar som tidlegare var grunnmur for sjøhus og rorbuer. .
Frå  bygdebok for  SELJE OG VÅGSØY,  utgitt i 1957,  er det henta eit intervju med Henrik G. Solvåg  som i 1956 fortalde  om fiskeværet Silda.  (PDF)

Silda har også vore stad for dramatiske forlis. For mange fastbuande vart Aladinnsatta lenge snakka om, og det vesle bygdesanfunnet fekk god omtale i riksmedia.  Morgenavisen omtalte denne hendinga 22. januar 1925 (PDF)

Sildafiskarane var føregangsfolk i utvikling av fiske på fjerne fiskebankar. Etter 1. verdskrigen vart det bygd større båtar med motor.

Under rydding og rekonstruksjon av den «første sildasida» fann vi ein artikkel frå 1930-åra av ukjend opphav. EI VIRKELIGHETSSKILDRING AV ET LITE ØYSAMFUNN,
SILDA i 1930-åra(PDF)   Silda i 1930-åra