Avfallskontainarane på kaia er til restavfall frå hushaldninga, ikkje til gamle møblar, byggn.materiale, el.apparat eller stål. Dersom kontainarane vert missbruk kan vi misse denne ordninga.
Vågsøy kommune opplyser at det ikkje kan innførast obligatorisk renovasjon der søppelbilen ikkje kjem til.
NOMIL vil ha kontroll på restavfallmottaket på Silda, og hindre at kontainarane bles på havet.
Reinhaldsverket har siste åra hatt to-tre kontainarar på Silda kai, pluss ein for «Gjestebrygga» . NOMIL meiner at det er nok med to + ein for båtfolket. Dette er tilpassa tal abonnetar som er registrerte betalarar på Silda.
Restavfall er normal hushaldningssøppel. Ikkje møblar, innventar og byggemateriale. Dette er avfall som kvar enkelt skal frakte til lands og deponere på tilvist mottak, på same vilkår som gjeld dei fleste renovasjonsordningar. Les informasjon frå «NOMIL renovasjon for fritidsbustad»