Silda Velforening har, med tilskot frå Gjensidigefondet, montert benkar på fleire utsiktspunkt. I tillegg står det også ein benk i Matteræva.
Vi skal, til neste sommar, få på plass ei informasjonstavle med stiane og utsiktspunkta. På denne tavla vil vi kopiere inn bilete frå utsiktspunkta + litt informasjon. Den vert plassert ved Navlen.
Bileta bør vere skarpe, tekne i god ver, og vise utsikt frå punktet. På biletet kan ein gjenrene ha med ein eller fleire personar. Utsikta er det viktigast. (Fotografen sitt namn verte oppgitt.)
Plass til totalt 5 – 8 bilete. Utsiktspunkta er:
1. ovanfor Nordre molo- utsikt mot hamna og Barmen.
2. på Rinden ovanfor Naustvågen – utsikt mot Stad Selje.
3. frå Varden – utsikt mot Hornelen og havet
4. frå Matteræva
5. I berget ovanfor Rekvika- Utsikt mot Raudeberg.
Har du bilete så send til: paul.sundnes@gmail.com