Silda Grendahus/skulen fekk nytt tak i 2024

Herman Silden, med fleire, starta i august 2024 med skifte av eternitt-taket på Grendahuset.
Laurdag 17. august vart takplatene på nedsida løyst, bore opp på mønet og sendt ned til ventande på oppsida. Det var verkeleg på tide. Mange av platene var så sprø at dei brotna ved stabling på pallen.
Måndag 19. løyste Herman platene på oppsida, planen var at dei skulle ned laurdag 24 . Då vart det klalagt at dei nye takplatene ikkje var å finne korkje i Måløy eller på Silda.
Dei innleigde taktekkarane ville ikkje rive lektene og skifte takpappen før nye plater hadde komne til øya.
Dei tre første bileta viser resultetet etter første dugnaden.

Laurdag 31. aug vert resten av eternitt-platene fjerna, og arbeidet med nytt tak skaut fart. Totalt var det 10-12 personar som deltok i dugnad på to laurdagar, med fjerning av gammalt tak. Då dei nye takplaten kom til Silda starta arbeidet med fjerning av lekter, legge nytt takpapp, nye lekter og plater.
Elin Silden følgde med og tok bilete. Dei 3 siste bileta er tekne av henne.
I veke 36 var nytt taket på plas. 7. september var taket tett og arbeidarene kunne pakke saman.

Korleis kunne dette bli ein suksess? Styret i Silda Grendahus bad om tilbod frå 3 firma. Peder Pedersen (på «Muren») sitt firma ga det billegaste tilbodet på plater og arbeid, Kr. 530.000 på vilkår av at Grendahuset sjølve stod for fjerning av dei gamle takplatene.
Finasiering: Silda grendahus har spart over tid, fått grasrotandelar frå Norsk tipping, arrangert to basarar med resultat på ca 90.000 kr.
I tillegg fekk grendahuset tilskot på Kr 100.000 frå Sparebank Vest og Kr.72.000 frå Blom Oppdrett (i tilleg lovnad om kranhjelp og transport med oppdrettsbåten til flytting av eternitten frå Silda kai til Raudeberg)
Med inntekt frå Silda Gjestebrygga og oppsparte pengar vart arbeidet sett igang,